Eilev Myhren er oversetteren av Ringdrotten som for ikke lenge sida kom ut på markedet. Jeg fikk et intervju med ham om den nyoversatte boka
Det er nok fylden i dei. Tolkien skriv seg inn i ein stor episk tradisjon eg kjenner godt til, og gir bøkene ei dybde som gjer det artig å lese verka hans oppatt og oppatt.
Det vanlige: Ein gut på skolen kom med teikneseria (over Bakshi-filmen), og så vart det "setands i hugen".
Jobben med å omsette tok eg sjølv. Det var ingen som i røynda bad meg om å gjera dette. Idealisme og god tid var drivkrafta.
Den verste var å halde stillaga frå einannan (og så halde orden på formverket). Så var det synet på einskilde ord, der det somme tider skar seg litt mellom tilvant bokmålsoppfatting og tradisjonell nynorskoppfatting (innsnevra eller utvida bruksområde for somme omgrep).
Omsettinga av namna vart gjort på nytt etter råd frå forleggar. Høverstad sat med rettane til sine namneval. Elles har eg gjort mykje for å ikkje gå i hans lei. Men det finst vel spor av han somme stader.
Eg driv med folkemusikk, og flyg litt på kappleikar. Slik kan det vera eg får høve til å spørja meg for hjå folk som kan talemåla. For å finne ut av einskilde pronomen i Numedal spurde eg ein kar eg traff på Kongsberg, til dømes. Han var frå Rollag og kjende målføret. Når det gjeld Hallingdal var det endå greiare - eg har slekt der og kjenner dialekta godt.
Nett det har eg ikkje tenkt så mykje på. Har mest vore meg og sjølve teksta.
Det er kome mange gode tilbakemeldingar, for det meste. Folk har vore spente. Nett nå er det mange som har teke til med å lesa boka, og det tek vel litt tid før dei kjem fram att.
Au. Eg datt av etter den andre filmen. Eg er så bunden til originalteksta at eg meiner Jackson burde ha tenkt meir som Tolkien. Han skal ha ros for forsøket, men "det er noko søndleg med dettan her", som telemarkingen sa.